
Velkommen til
Latter som siste forsvar! Stand up med husfar Torstein
ONSDAG 8. JULI, 15. JULI og 22. JULI 2026 KL. 19.00
Standup med Husfar Torstein er ikkje terapi. Det er etterverknadene. Med eit skråblikk frå livet – og heilt ned – tek Torstein for seg det usminka vaksenlivet: forventningar som gjekk ut på dato, draumar
som ligg i ein skuff saman med ladarar du ikkje tør kaste.
Ein nekrolog over hans eige liv, slik han husker det.
Som han seier det, ein skal ikkje sanninga stå i vegen for ei god historie!
Dette er standup om å vere «husets overhovud» utan hovud, om å tape diskusjonar du eigentleg starta sjølv. Torstein snakkar om ansvar, nederlag og kvardagsleg forfall – med sjølvironi, litt bitterheit
og null behov for å verke vellukka.
Standup for dei som ikkje har gitt opp.
Dei berre kviler litt. For lenge.
Show og 3 retters middag kr 1095
Show og 5 retters miiddag kr 1395
Overnatting kr 1345 pr pers i dobbeltrom
8, 15, 22 og 29 juli blir det showstart kl 1900