KNAGMØBLER


Knagmøbler på Haaheim

Haaheim har ei stor samling med Knagmøbler, dei vakre handverksmøblene fra Bergen.

Historie

Christopher Knag etablerte seg som møbelsnekker i Bergen i 1878. I ein liten verkstad i Kroken 3 i Dreggen. Den gongen hadde han berre 60 kroner i startkapital, og måtte starte opp med ein leigd høvelbenk. På slutten av 1800-talet var det rundt 45 snekker- og møbelforretningar i Bergen, så det var mange konkurrentar.

Knag fikk raskt eit godt ry som dyktig snekkar. Dette gjorde at han fekk høve til å knytte til seg svennar, og etterkvart læregutar. Lokala vart for små, og han måtte sjå seg om etter ein ny egna stad, i Skostredet 1. Her var det nok plass til at bedriften kunne vekse. Etter 25 år, i 1909, vart lokalene atter ein gong for små, og han fann eit større lokale i Domkirkegaten 6, og der vart bedrifta vart værande. Dei fyrste åra gjekk det heller dårlig, men det ryktes etter kvart at han leverte framifrå kvalitetshandverk. Derfor varte det ikke lenge før bedrifta tok seg opp.

Knag sin produksjon retta seg mest mot ein vaksande middelklasse. Etter kvart fekk han også kundar frå borgerstanden, som tidligere helst tinga møblane sine frå utlandet. Somme kunder bestilte gjerne eit sett møblar til heile rom, då fekk alle møblene en heilskapleg stil. Stilen kunne variere fra helt enkel empire til ein meir svulmande rokokko. Knag lagde møblar i den stilen kunden ynskjet, han laga gjerne fleire utkast som kunden kunne velge frå.

Knag la stor vekt på kvalitet, konstruksjon og stilreine møblar, derfor fekk også Knagmøbler eit godt ry som kvalitetsmøblar, både i innland og utland. Bestillingane kom ikkje bare frå Bergen, men også fra resten av landet og fra ein del andre land. Knag var også særskild kjent for sine arbeider i intarsia, bilder i tre innfelt i møbelflater. I dag er Knagmøbler sett på som familieklenodier og samleobjekter.

På det meste var det omlag 60 tilsette hjå Chr. Knag, det var snekkere, dreiarer, treskjærarer, møbeltapetserarer, kontorpersonale, svennar, læregutar og ein sjåfør.Knagmøblane er for det meste tegna av enten Christoffer, Johan - eldste sønn som egentlig skulle overta bedrifta, men dø i ung alder - eller Alf, men dei var ikkje alltid med på sjølve produksjonen av møblane.

I 1932 opna bedrifta ein filial i Oslo, Chr. Knag AS i Arbinsgate 1. Her tok dei imot bestillingar på møblar som så ble laga i Bergen og frakta til Oslo. Dette viste seg med tida å verts dyrt i forhold til administrasjon og transport. I 1938 vart det også oppretta ein salgsfilial i Bergen, Interiørkunst AS i Starvhusgaten. Her vart det seld møbelstoffer, golvteppe, gardiner, kunst- og interiørgjennstsnder, lampar m.m.

Då andre verdskrig braut ut hadde bedrofta opparbeida seg eit stort varelager. Då grensa vart stengt for import var dette lageret av stor verd for drifta av Chr. Knag. Lageret vart etter kvart tømt, også for dei ukurante varene. Då måtte krisevarer og erstatningsstoffer takast i bruk.

I dei fyrste etterkrigsåra gjekk det bra for verksemda, men etter kvart som fabrikkproduserte møblar vart rimelegare og arbeiderane sine lønningar steig, gikk det dårligare for Chr. Knag. Som resultat av dårlige tider vart Oslo-avdelinga, som var dyr i drift, seld i 1954. Tilsette på verkstaden vart redusert gradvis til eit minimum. Rundt 1967 vart Interiørkunst AS skilt ut av Chr. Knag og teke over av Alf Knags sønn, Finn Knag. Det vart stadig vanskeligare å selje handlaga kvalitetsmøblar til kunder som ønsket billigere møblar. Då Alf Knag dø i 1975 var det slutt for bedrifta Chr. Knag, som da hadde produsert møbler i 97 år.

Dei staslege møblane lever videre hjå samlare, på ulike museer og hotellet, eller som skatta famiekleklenodier. Me er stolte av å ta vare på den rike arven frå desse fantastiske handverksmøblane. Dei fleste romma på Haaheim er innreia med desse flotte møblane. Me går ofte på historiske vandringar og forteller om den unike møbelhistoria til Knag. Eit besøk på Haaheim er ei reise gjennom svunne tider.

Share by: