E H VAAGE

E H Vaage Dampskibsekspedisjon

Haaheim Gaard har kjøpt den gamle handelsstaden “E H Vaage Dampskibsekspedisjon” og “Gamle Uggdal Dampbageri”, anno 1887!

Nede på Uggdalseidet ligg den gamle handelsstaden “E H Vaage”. Husfar Torstein har lenge gått og sett på den, og drøymt om alt den kunne blitt til. Engolai H. Vaage starta landhandleri og dampskibsekspedisjon der i 1887. Kona hans kom med kr 30 000 i medgift, med dette bygde dei ny butikken og bakeriet i 1902. Her nede var det meieri, post, dampskipskai og landhandel. Gamle Uggdal Dampbakeri, som er eit lite steinomnsbakeri bakom huset, ligg også her. Det var i drift til 1949, og butikken var i drift fram til 1987.

Her har vi starta opp museum av det gamle bakeriet, der vi sel lokalproduserte gårdsprodukt, nybakt brød og Haaheim sin eigenproduserte konfektsjokolade, Haaheim Sjokolade. Om sommaren har vi gastropub, og her kan du bestilla lukka selskap til di gruppe. E.H Vaage er ope i helgene i høgsesongen samt etter avtale året rundt.


Velkommen

EH Vaage Landhandel ligg idyllisk til nede ved sjøen ca  4,5 kilometer fra Haaheim Gaard. Det er ein fin tur å gå fra Haaheim.. Det er lett å sykle ned dit - men du kan og kjøre bil.  Det beste er å parkere oppe i hovedveien og gå den siste svingen ned til kaien og landhandelen.
Share by: