Farmor fra Espevær

Ei farmor i livet .....


Farmor hadde eit matskap i bakveggen halvegs ned  kjellartrappa.

Der sto saft og syltetøy som hadde blitt laga av bærene frukt frå hagen. Når me kom på besøk steika farmor pannekaker og vafler, ho gjekk ned i syltekottet og fann nokre sumarminner på glass. Så folda ho hendene i ei bordbønn og sa; no e da fest. 

 

Farmor brukte aldri paprirlømmetørkler, ho hadde nystøkne tøylommetørkler. Det eit stort lager i veska og i skuffa under telefonbordet i gangen, dei blei delt ut til kjente og ukjente som trong dei. Desse tøystykka hadde utallige bruksområder. Solhatt til farfar, til å pakke inn strikkelubber som var gaver, som plaster når søsteren beit meg, til å gøyme seg bak når ein skulle leke med små barn, pakke niste i når vi skulle på tokt med niste, som tallerk når vi var på tur eller stundom  berre for å tørke nasadråpen.

 

Farmor låg ofte  på by-reis i fleire veker.

Då venta ein på høveleg ver og ein fiskebåt som likevel skulle den vegen. Ho reiste sjelden med rutebåt eller buss, satt berre på når nokon skulle den vegen. Ho reiste med trillekoffert og handlenett. For posar trong ein ikkje kjøpe.

 

Farmor hadde middag kl 1200, då vart det alltid kokt ekstra poteter, ho visste aldri heilt kor mange som kom innom å måtte få mat. Var det poteter til overs, blei dei knepte med litt mjøl og mjølk, så blei dei steikte til nons. Varme potetkaker med sirup og eit glass kald mjølk. Farmor folda igjen hendene å sa; no e da fest.

 

Det kjekkaste me visste var når farmor og farfar var med på kafe. Me fekk alltid ete så mykje me ville, for gje dei velsigna borna alt dei treng av mat, sa farmor. Eg syntest enno det er eit under kor godt desse halve rundstykkene med ost og skinke smaka på kafe.

 

Kvar dag når middagen var over hjå farmor, kom desserten på bordet. Det var melkesupper, saftsupper, fruktgraut eller puddinger. Ein må alltid ha noko søtt unda tådno attepå, sa ho alltid.

 

Om vinteren kunne det være kaldt i det gamle huset hjå farmor. Ho fyrte i stova og delte ut på heimastrikka lubber så ingen skulle fryse.

 

I den iskalde gangen hjå farmor sto telefonbordet. Telefonen skulle være for beskjeder og ein skulle ikkje ha det for godt når ein snakka i den. På sine eldre dager lika ho godt å prate litt lenge i telefonen, men spurte du henne sa ho, eg har nesten ikkje snakka med nokon. Så visst dui ikkje har fått tak i meg må det ha vært noko gale med linja.

 

Det kjekkaste farmor visste var å være med på tur, ho hadde tre lommebøker i veska, ei til småting, ei til det som skulle handlast av store ting og den siste som reserve om noko skulle skje. Me spøkte med at farmor alltid hadde nok kontanter i veska til å leige helikopter heim om det skulle være naudsynt. Handveska var stor då den også hadde eit arsenal av strikkalubber som ho delte ut til alle ho kom i kontakt med. 

 

Når me kom til farmor, slapp ho alt ho hadde i nevane og hadde fullt fokus på oss. Alle kjente seg velkomne hjå henne.

 

Når eg kom ut som homofil til farmor, sa ho ; det e no greitt, men me seie da ikkje til nokon. Berre meg og deg veit dette. Eg tenkte med meg sjølv, det blir jo eit fantastisk kjærlighetsliv om det berre er farmor og meg som skal vite om det.

 

Farmor tok vare på alle rundt seg, ho delta alt ho hadde og gjennfortalte kunn ting som var fine. Alt anna ho høyrte, sa ho aldri igjen. 

 

Farmorgjekk på foreningsmøte for å strikke sokkar. Foreningdamene las litt i bibelen med å laga basar til inntekt for hedningane. Kven dei var, fekk me aldri heilt greie på. Eg forsto da slik at dei budde utenfor Haugesund ein stad.

 

Når eg var ute å reiste, måtte eg alltid ringe farmor. Ho blei veldig glad når ho gledesstrålande kunne fortelje; Torstein ringte, og han ringte riks til meg.

 

Farmor var glad i å dele med oss alle; så når ho fall frå hadde ho gitt vekk alt ho hadde i huset fleire gonger. Me visste alle koss dette var, så heldigvis for familiefreden tok alle dette med eit smil. 

 

Til ein av sine store dagane fekk farmor ny vaskemaskin, den gamle hadde ho likevel til å vaske kviteklær og kokvask. Det var ein stor elto frå 1960, med rulle på toppen. Der sto ho med skaut og framforkle og hadde vaskesnorer i heile kjelleren. Om han ikkje var på nord, så lot ho nordavinden ta klestørken.

Til høgtidene laga farmor alltid tørre vafler og kromkaker til heile familien. Me leverte inn boksane , og dei vart fylte med kjærleik og bakst.

 

Farmor og veninna Lilly skulle reise til byen åleine kollektivt. Det vart nøye planlagd og tenkt på lenge. Den store dagen kom og dei to gamle konene la i veg på ferd. Skyssen få Espevær til Bømlo, takxi til ferja, ferja til Sveio, no var det berre bussen til bydn att. Dådei to gamle damene vagga seg opp frå ferja såg dei til sin forskrekking at dei hadde tatt ei rundtur og at ferja var attende på Bømlo. Så dei måtte reise heim til Espevær igjen utan byblom og med lista over ærend i bydn.

 

Dei første pengene eg tjente var når farmor passa på oss. Ho ville framstå som ei god husmor og bestakk oss med penger for at me skulle sove før mamma kom attende.

 

Når farfar blei pensjonist skulle farmor og han reise, farmor måtte då ha pass for fyrste gong i sitt liv. Ho tinga time hjå frisøren for å være klar for passfoto, ein må jo være på det finaste når ein skal avbildast. Ho var så oppglødd og fin på passbilde, at etter 2 veker i Russland på ferie utan noko gjennkjennelig mat og lite varmt vatn, slapp ho nett så vitt ut at. Dei kjente ho nesten ikkje att frå bilde. 


HUSFAR TORSTEIN

 



Share by: