2 Gjenbruk av møbler og materialer

Gjenbruk og kjøp av brukte materialer

Haaheim har store samlingar av antikke møbler. 

Heilt siden eg var liten gut har eg hatt ei stor interesse for historie og gjenbruk av gamle møbler og hus.

Det kjekkeste eg visste var å gå på museum og prate med eldre folk om gamledager.  Da eg var 9 år var eg på ein dødsboauksjon, og da virkelig startet eg å samle,  - til mine foreldre sine store skrekk! Lidenskapen har fylgt meg heile livet og det er virkelig inspirerende kor mykje godt handverk som ligg bak mykje av dei tinga som blei laga tidligere.

Haaheim handlar også om å ta vare på historien og fortelje den videre. I fleire år har me samla på Knagmøbler, dei fantastiske handverksmøblene dei laga i Bergen frå 1878-1975. Mange av våre kjente treskjærere hadde jobb hjå Knag og alle «møblerte hjem» samlet på Knag.

Vi har ei stor samling av desse møblene og i samarbeid med Christofer Knag,har vi funnet frem til mykje av historien til møblene me har samla. 


På Haaheim er og mange av dørene på rom og i salonger kjøpt eller fått fra gamle fine hus.



HUSFAR TORSTEIN.


Share by: