1.Bærekraftig hage

Hagen på Haaheim

Hagen på Haaheim har vært nyttehage i mange hundre år, me har enno rabarbraen som vart planta rundt 1900. Den gjer mai og juni til ein hyllest til sommaren som kjem.

Då lager vi mange ting av den gode jordbærrabarbraen som trivest så godt i den vestvendte staden. Då eg kom til Haaheim i 2000 var det framleis mange spør etter dei som hadde samla nytte og prydvekster der i så lang tid.

Me tok vare på svært mykje av det og svært mange planter i hagen er foreldla med desse morplantene. Ingrid som er garner på Haaheim kom her i 2012, ho har utvikla hagen til eit lita paradis.

Det er små stiar som slynger seg mellom små hagehus, blomsterbed og hagerom. Haaheimhar ein stor nyttehage og mykje av det som blir brukt på kjøkkenet vårt kjem frå hagen eller veksthuset. Haaheim nyttar ingen sprøytemiddel og  dekker all jord med bunndekkeplanter eller organisk materiale. Det er ikkje naturlig å la svart jord stå open for naturen. Naturenga vår, må me passe på slik at me aukar biologisk mangfald. 


HUSFAR TORSTEIN.


Share by: