HAAHEIM SJOKOLADE

Små magiske bitar fylt med kjærleik, tid og lidenskap

Haaheim Gaard har eit chocolateri på vår handelsplass «E H Vaage landhandleri, bageri og dampskibsexpedition anno 1902». 

Nytast best romtemperert og med attlatne auge!

Lidenskapen for gode smakar og handverksmat har vore med meg heile livet. Som liten gut stod eg ofte på ein krakk og hjelpte nabokona med å laga snop. Kjøkenet blei fylt med duft av sjokolade, mynte, lakris og vanilje. Eg stod klar til å prøva; litt meir vanilje og lakris kunne ofte vera dommen. 


I 2021 fekk eg mitt eige chocolateri på handelsstaden vår, E H Vaage. Der handstøyper vi konfekten vår og fyller dei med gode smakar av naturlege råvarer.


Konfekten er støypt på belgisk sjokolade framstilt av Callebaut. I generasjonar har dei nytta dei beste råvarene på marknaden for å oppnå høg kvalitet, med ein utprega og rik sjokoladearoma. Callebaut er miljøsertifisert og driv sitt eige program, Cocoa Horizons, for miljø og berekraft.


Berekraft er viktig for oss. Emballasjen du held i er laga av stilkar og blad frå t.d. risproduksjon som elles ville blitt brunne. Vi er med og støttar bønder i utviklingsland til å tena til livets opphald. Emballasjen er utvikla og produsert av PaperWise, og er klimanøytral.


TIL NETTBUTIKKEN
Share by: