
Velkommen til
PÅSKE PÅ HAAHEIM
FREDAG 27. MARS KL. 13.00 - 6. APRIL KLOKKEN 16.00
Når påska kjem og hagen vaknar til liv, opnar Haaheim dørene for dagar med ro, smak og sansar i fokus. Våren ligg i lufta, knoppane sprett, og tunet fyllest av lysare kveldar og stillare tempo. Her får du tid – til å puste, til å vere, til å nyte.
På kjøkkenet let vi årstida styre. Påskebordet ber preg av det beste frå vestlandskysten og gardane rundt oss: ærlege råvarer, langsame prosessar og varme smakar. Måltida er sosiale høgdepunkt, der praten får flyte like fritt som kaffien etterpå.
Etter ein dag ute i hagen, på tur i landskapet eller med ei bok i solveggen, ventar saunaen. Varmen gjer godt i kroppen, og kontrasten mellom varm damp og frisk vårluft gjev ny energi. Ei stille stund – berre for deg.
For alle overnattingsgjester er natt nr. 2 inkludert.
Ei lita påskegåve, slik at du kan bli litt lenger og la våren få skikkeleg tak.
Velkomen til påske på Haaheim – der alt vaknar, også du.
Gleder oss til besøk!