
Velkommen til
Latter som siste forsvar!
Stand up med husfar Torstein!
FREDAG 17. APRIL, 2026 KL. 19.00 - 22.00
Standup med Husfar Torstein er ikkje terapi. Det er etterverknadene. Med eit skråblikk frå livet – og heilt ned – tek Torstein for seg det usminka vaksenlivet: forventningar som gjekk ut på dato, draumar som ligg i ein skuff saman med ladarar du ikkje tør kaste. Ein nekrolog over hans eige liv, slik han husker det.
Som han seier det, ein skal ikkje sanninga stå i vegen for ei god historie!
Dette er standup om å vere «husets overhovud» utan hovud, om å tape diskusjonar du eigentleg starta sjølv. Torstein snakkar om ansvar, nederlag og kvardagsleg forfall – med sjølvironi, litt bitterheit og null behov for å verke vellukka.
Standup for dei som ikkje har gitt opp.
Dei berre kviler litt. For lenge.
Show og 3 retters middag kr 1095
Show og 5 retters miiddag kr 1395
Overnatting kr 1345 pr pers i dobbeltrom
Fredag 17 og laurdag 18 april med showstart kl 1900
