
Ei helg for kjærleiken
og romantikk!
13. mars kl. 18.00 - 15. mars kl. 12.00
Kvardagen tek oss ofte før vi rekk å stoppe opp. Tida går, og det er lett å gløyme å setje av rom for nærleik, gode samtalar og dei små augeblinkane som styrkjer kjærleiken. Difor har vi laga ei helg der de kan senke skuldrene, vere saman – og pleie forholdet i varme, rolege og stemningsfulle omgjevnader.
Frå 13.–15. mars inviterer vi dykk til ei oppleving fylt med god mat, inspirasjon, latter og rom for både ettertanke og nytelse.
⸻
Timeplan – Ei helg for kjærleiken
Fredag 13. mars
18.00 – Aperitiff og historisk vandring
19.00 – 3-retters middag
• Kremet blomkål- og purresuppe med copaskinke og karse
• Hjortefilet med eple- og sellerirotkrem, bakte beter, grønnkålchips, sjysaus og bakte småpoteter
• Karamellterte med portvinsmarinerte pærer, mørk sjokolade og capucinokrem
Kvelden kan nytast vidare i roleg tempo – med gode samtalar og nærleik.
⸻
Laurdag
09.00–11.00 – Frukost
11.00 – Omvisning og sjokoladesmaking
på E. H. Vaage landhandleri og dampskibsexpedition
13.00 – 2-retters lunsj
16.00 – Kaffe og kake med kåseri
Kåseri med Kari Adele Grønås
Kari har arbeidd som familieterapeut i over 20 år og er – mildt sagt – over gjennomsnittet interessert i relasjonar og parforhold. Med varme og glimt i auget deler ho tankar om korleis ein kan ta vare på kjærleiken over tid, korleis ein kan kommunisere litt betre i kvardagen – også når det luggar litt. Eit kåseri som både rører, inspirerer og gjev rom for gode samtalar vidare.
19.00 – 5-retters middag
• Ostekake med urtekremost og vår heimerøyka aure, rogn og sprø potetchips
• Pannestekt torsk med jordskokkpuré og brunet hasselnøttsmør
• Kremet sellerirot- og purresuppe med rista gresskarfrø og syrna fløte
• Ytrefilet av lam med pastinakkpuré, brokolini, fondantpotet og sjysaus
• Kvit sjokolademousse med salt eplekaramell og mandelcrumble
⸻
Sundag
09.00–11.00 – Frukost
11.00 – Utsjekk
⸻
Gjennom heile helga
• Hyggelege samtalekort ligg klare på romma
• Moglegheit for å booke sauna
• Massasje kan bestillast med massør Markus Marius
• Flotte turområde for dei som ønskjer ein roleg tur saman
Ei heilg for kjærleiken – til å kjenne på, snakke om og ta med seg vidare inn i kvardagen
- fredag-søndag kr 3990 pr pers i dobbeltrom
-3 og 5 retters middag
-2 netter i dobbeltrom inkl frokost
-2 retters lunsj
-omvisning/ sjokoladesmaking
-appertiff fredag
-kaffe/kaker/kåseri
Lørdag-søndag kr 2490 pr pers i dobbeltrom
-5 retters middag
-overnatting i dobbeltrom med frokost
-2 retters lunsj
-kaffe/kake/ kåseri