E.H. Våge | Haaheim Gaard

E H Vaage Dampskibsekspedisjon

Haaheim Gaard har kjøpt det gamle handelsstaden “E H Vaage Dampskibsekspedisjon” og “Gamle Uggdal Dampbageri”, anno 1887!

Nede på Uggdalseide ligg den gamle handelsstaden “E H Vaage”, husfar Torstein har lenge gått å sett på den og drøymt om alt den kunne blitt til. Engolai H Vaage, starta landhandleri og dampskibsekspedisjon der I 1887. Kona hans kom med kr 30 000 i medgift, med dette bygde dei ny butikken og bakeriet I 1902. Her nede var det meieri, post, dampskipskai og landhandel. Gamle Uggdal Dampbakeri, som er eit lite steinovnsbakeri bakom huset ligg også her. Det var i drift til 1949, og butikken var i drift fram til 1987.

Her har vi starta opp museum av det gamle bakeriet der vi selg lokalproduserte gårdsprodukt, nybakt brød og Haaheim sin eigenproduserte konfektsjokolade, Haaheim Sjokolade. Om sommaren har vi gastropub og her kan du bestille lukka selskap til di gruppe. E.H Vaage er ope i helgene i høgsesongen samt etter avtale året rundt.