Livsveven

«Stadsnamnet Haaheim, tydere staden som ligg høgt, eller staden til dei som tener gudane.»

Skal me attende til røtene, er me nok i tida før vindane skilde lag, når natt var dag og dag var natt. Då jørgane (troll) herja på Njardarlog.
Det var ein jørge som kom over frå Uggdalsdalen, han måtte over Dalselva for å komma til Haaheim.

Me veit alle kva som skjer om jørge kjem i kontakt med vatn, dette visste nok også han. Redd for å bli til stein gjorde han eit skikkelig hopp, men hoppet var så langt at han havna godt oppe i sida på dalen opp mot Haaaheim.

Her i fjellet er fotefaret til jørgen enno, og staden ber navnet ”Jørgaføte”. Oppom Jørgaføte, kjem me til Bogastedlet. Det er ein steinmur som krypskyttarar bruka når dei skulle skyte hjort med pil og boge. Hjorten vart etter dette utrydda på Tysnes i mange hundre år.

På garden står framleis fallossteinen som dei bruka i den germanske tida til å ofre for grøden. Om ein stelte fint med denne offersteinen kunne ein få sjå nakne jomfruer dansa ved fullmåne midtsumars. Menn ville kunna få manndomskraft til å halde to koner om dei ofra rikt til steinen.

I middelalderen låg gardstunet på det me no kallar Auno, men svartedauen gjorde at også Haaheim vart liggane aude. Rundt 1500 blei Haaheimsgarden teken opp at, men tunet blei flytta lenger opp. Her kom det etter kvart i eit tobøla klyngetun. Dette var ein av gardane Mowatt ga som medgift når Karen dotter hans gifta seg med Rosenkranz.

I starten av 1700 tallet skulle dei bygge ut baroniet i Rosendal og trongen for kapital var stor, dei selde Haaheim til Haaheimsslekta. I 1886 starta bygginga av nyetunet, sveitsarhuset som det står i dag blei sett opp i 1907, grindaløa kom dit den er i dag i 1886.

Haaheimsslekta åtte garden i nær 300 år. I 2000 kom Torstein ein dag gåande opp vegen til Haaheim, dei gamle trea fletta greinene saman over vegen og husa låg vekkgøymd i ein gammal hage. Der hadde dei stått åleine i 30 år, utan ljos i glaset, utan latter og folk. Torstein forelska seg i det historiske tunet, og ville så gjerne vekke det frå svevnet det låg i. Han fekk overta garden og har sakte men sikkert restaurert tunet og tatt attende kulturlandskapet.

Det 300 år gamle kvernhuset ved dalselva er også restaurert attende til slik det sto når det var i bruk. Torstein vil igjen bera tradisjonane videre.