Restauranten

«Ein kjem inn i spisesalen på Haaheim, den er herskapleg med flygel, kvite dukar og tøyserviettar. Gartnaren har laga blomsteroppsatsar til borda, og ein kjenner seg satt attende til ei svunnen tid.»

Kjøkkenet på Haaheim jobbar med sesongen sine lokale råvarer, og set saman dagens 3-, 5- eller 7 retters middag. Ein kan òg tinga Haaheim sin Smaksmeny. Dette er ein heilaften med mange mindre rettar, ei smakfull reise i lokalmat.

Restauranten har fleire lokaler som kan tingast for lukka selskap. Me lagar den perfekte ramma for bryllup, runde dagar og selskap. Ein hyggeleg familiemiddag, ei minnerik oppleving for vennegjengen eller ein romantisk middag for to eller tre. Mange møte- og konferansegrupper byrjar eller avsluttar opphaldet sitt med ein middag i restauranten.

Selskaps- og gruppemenyane skreddarsyr me saman med dykk, basert på lokale og kortreiste råvarer.

Restauranten har fleire ulike rom for servering, med opptil 65 gjester i same lokalet og total restaurantkapasitet på kring 120 gjester.