Dine opplevingar

Haaheim Gaard har mange ulike tilbod og mange ulike grupper av gjester. Møteromma våre skapar gode rammer for møter og seminar.
Ein kan overnatte på herskaplege rom med eigne bad, og få lunsj og middagar servert i ein av restaurantane våre.
Me kan skreddersy teambuilding/opplevingspakkar som høver til gruppa.

Til Haaheim kan du kome for å oppleve konsertar, show, foredrag og hagevandring.
For lunsj eller middag, eller ein kaffe, eit glas øl eller vin på terrassen ein sommardag.

Venne-/venninnegjengar kjem på helgetur for ei minnerik oppleving med mat og aktivitetar.
Eller la Haaheim Gaard skape rammene kring eit romantisk minne for deg og din kjære.
Vandre i kulturhagen, kjenn på lukter og smakar frå restauranten. Når kvelden kjem vil dere bu i våre historiske rom,
bade i løvebadekar og vakne til lukta av nysteikt brød.

Turist- og bussgrupper stoppar her for lunsj eller middag, og restauranten vert ofte fylt av glade gjester til bryllup og selskap.
Alle for å nyte god, lokal og kortreist mat og den lune atmosfæren.

Som gjest på Haaheim kan du òg kombinere opphaldet ditt med mange ulike aktivitetar
som mellom anna massasje, yoga, ein tur på golfbanen like ved, fisketur eller fottur i fjellet.

Skap minne for livet på Haaheim Gaard!