For dei som kan sjå med attlatne auge!

Haaheim Gaard ligg høgt og fritt på 170 moh, på fine dagar seier ein at ein kan sjå om naustdørane på Shetland er opne.

Me har ein kulturhage med kapell, hagehus og 1500 meter med hagestiar som slynger seg mellom små hagerom med benker og blomsterbed.

Hotellet har i dag 22 rom, kor suitene er fra 35-45 m2 med eiga badstu. Rommene er innreia i historisk stil, dei fleste med rekonstuerte historiske tapetar fra svenske og norske herregårder og slott. Me har to lokale for selskap, Spisesalen og Konsertsalen, dei har plass til 70 og 80 i gjestebod, me har også Vinkjelleren som er eit lite selskapslokale til små private selskap, med plass til 12 gjester.

Haaheim opnar også snart ei lita velværeavdeling med badstu og “kånekokar” (Jacuzzi).

Me har kulturarrangementer gjennom året med konsertar/opera, teater/revy, foredrag, vin/ølsmakingar, chefsdinner og store lokalmatmiddager. Haaheim blir mykje nytta til kurs og konferansar, til feiring av store dagar og til romantiske opphald for dei ein er glad i.

Skap minne for livet på Haaheim Gaard!