Matfilosofi

«På Haaheim Gaard, er mat og smaker ein lidenskap. Mat med historie og lokal forankring, er sentralt i alle gjestebod me heldt. Haaheim har eigen gartnar som skapar hagen vår om til eit matfat, kor ein kan hauste urter, grønnsaker, frukt og bær.»

Kjøkkenet på Haaheim er viden kjent for sin kreativitet og sine matopplevingar. Me komponerer dagens menyar basert på dei råvarene som er tilgjengelege.

Haaheim Gaard er ein av fleire utvalde spisestader som utgjer det kulinariske nettverket «Smak av kysten». Haaheim Gaard er òg medlem av organisasjonen «Hanen», som er for føretak innan bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske.

Haaheim og gardane i soknet her har eigne jaktløyve på hjort, det serverer me sjølvsagt til gjestene våre. I fjellet kring Haaheim beiter sau og fjordfe, og i fjell og skog kring garden haustar me spanande råvarer til menyane våre. Me samarbeider med mange lokale leverandørar om å produsere råvarer til menyane våre. På Haaheim Gaard tilbyr me deg òg mat og vinkurs.