Kontakt oss

Hotellbooking
Hotellet er ope heile året, men etter avtale utanfor hovudsesongen (mai – september).
Tinging av hotellrom gjer du enklast på internett (For gruppebestillling – sjå under). Klikk her for hotellbooking.
Roomreservation, in english.

Gruppebooking – Selskaps- og konferanse-førespurnad
Me ønskjer velkomen både selskaps, -møte- og konferansegrupper. Kontakt gruppebooking på telefon i kontortida, eller på epost, så set me samen eit spanande tilbod til dere.
For alle gruppebestillingar, kontakt booking på post@haaheimgaard.no, eller telefon 924 87 903 (kontortid 9 – 17).

Bordbestilling
I restauranten må ein tinga bord på førehand.
Kontakt booking på epost: post@haaheimgaard.no eller tlf. 924 87 903 i kontortid.
For bordbestilling samme dag, utenom kontortid: tlf. 53 43 30 00.

Gåvekort
Be gjerne om eit gåvekort på ei oppleving på Haaheim, ein middag i restauranten, eit opphald med full pensjon, eit matkurs eller ei vismaking for gruppe, eller det de ynskjer.

Vertskap
Husfar Torstein Hatlevik med stab og husgjester.

Haaheim Gaard ligg på øya Tysnes i Sunnhordland, med Stord som vern mot storhavet og Hardanger på innsida.

Kjem du i retning frå Bergen, kjører du sørover E39 til Halhjem ferjekai ved Os, for så å nyte ein halvtimes ferjetur over Bjørnafjorden til Våge på Tysnes.
Sjå ferjerute Halhjem – Våge (nettside).  / Rute Våge-Halhjem (pdf)  Sambandet trafikkeres av selskapet FosenNamsos.

Kjem du frå sør, i retning frå Haugesund fylgjer du E39 nord over Stord og tek ferge frå Jektevik ferjekai til Hodnanes på Tysnes.
Sjå ferjerute Hodnanes – Jektevik. Sambandet trafikkeres av selskapet Norled.

Og kjem du frå Hardanger følgjer du berre nordsida av fjorden heile vegen ut til Tysnes.

Kjøretider:
– 70 minutt frå Bergen / 60 minutt frå Flesland flyplass
– 80 minutt frå Haugesund
– 45 minutt frå Stord