GAMLEPOSTEN

Gamleposten 5444

På øya Espevær utanfor Bømlo vaks husfar Torstein opp, og der står eit gamalt gardstun med hus frå 1800 og 1868. Her har han saman med systrene sine opna restauranten Gamleposten 5444.


Sjurina Mehus hadde trong for å forsørga familien sin, og fekk postopneriet og medisinutsalet på Espevær i 1919. Her på garden låg postkontoret først i hovudhuset, så i kårhuset frå 1947. I 1981 var det slutt på postdrift på garden, då Espevær fekk nytt postkontor. Mange har minne frå desse husa, det er hus som har tatt verda til Espevær med brev, aviser og pakkar. For oss er det veldig spennande at øyfolket og tilreisande gjester igjen kan opna dørene til dei gamle husa. Her skal dei kjenna på tida som var, men også på tida som kjem. Gjennom gode smakar og godt selskap skal me løftast ut av kvardagen. Gamleposten er open som sesongrestaurant.


Les meir om Gamleposten
Share by: