E H Vaage Dampskibsekspedisjon

Haaheim Gaard har kjøpt det gamle handelsstaden “E H Vaage Dampskibsekspedisjon” og “Gamle Uggdal Dampbageri”, anno 1887!

Nede på Uggdalseide ligg den gamle handelsstaden “E H Vaage”, husfar Torstein har lenge gått å sett på den og drøymt om alt den kunne blitt til. Engolai H Vaage, starta landhandleri og dampskibsekspedisjon der I 1887. Kona hans kom med kr 30 000 i medgift, med dette bygde dei ny butikken og bakeriet I 1902. Her nede var det meieri, post, dampskipskai og landhandel. Gamle Uggdal Dampbakeri, som er eit lite steinovnsbakeri bakom huset ligg også her. Det var i drift til 1949, og butikken var i drift fram til 1987.

Her ynskjer me å utvikle eit handverksbakeri, lokalmatutsal, gastropub, gjestehavn for båtar og museum av det gamle bakeriet. Det tar jo litt tid å restaurere plassen, men når me har fått gjennomført prosjektet blir det ein fantastisk plass som badar i kveldssol!
Me gle oss veldig til å opne dørane for dykk der nede!