Dine opplevingar

Haaheim Gaard har mange ulike tilbod og mange ulike grupper av gjester. Møteromma våre skapar gode rammer for møter og seminar. Ein kan overnatte på herskaplege rom med eigne bad, og få lunsj og middagar servert i ein av restaurantane våre. Me kan skreddersy teambuilding/opplevingspakkar som høver til gruppa.

Til Haaheim kan du kome for å oppleve konsertar, show, foredrag og hagevandring. For lunsj eller middag, eller ein kaffe, eit glas øl eller vin på terrassen ein sommardag.

Venne-/venninnegjengar kjem på helgetur for ei minnerik oppleving med mat og aktivitetar. Eller la Haaheim Gaard skape rammene kring eit romantisk minne for deg og din kjære. Vandre i kulturhagen, kjenn på lukter og smakar frå restauranten. Når kvelden kjem vil dere bu i våre historiske rom, bade i løvebadekar og vakne til lukta av nysteikt brød.

Turist- og bussgrupper stoppar her for lunsj eller middag, og restauranten vert ofte fylt av glade gjester til bryllup og selskap. Alle for å nyte god, lokal og kortreist mat og den lune atmosfæren.

Som gjest på Haaheim kan du òg kombinere opphaldet ditt med mange ulike aktivitetar som mellom anna massasje, yoga, ein tur på golfbanen like ved, fisketur eller fottur i fjellet.

DSC_4260

BRYLLUP OG SELSKAP

Haaheim Gaard skapar romantiske rammer for bryllup og flotte rammer for runde dagar, jubile og andre selskap. I den store rosehagen kan ein rusle på hagestiar, mellom fleire hundre roser og rododendron, og tende lykter i frukthagen. Mottaking med champagne kan serverast i hagen eller på ein av terrassane. I hagen finn ein og eit lite kapell og eit lysthus. Kanskje song til brudeparet /jubilanten her kan passe før ein går til bords?

Restauranten har historisk stil og me dekker på borda med damaskdukar og tøyserviettar, og med kandelabrar og blomar frå hagen i sesongen. Historisk stil er det òg på romma på Haaheim. Her kan du bade i løvebadekar, med urter eller roseblader, nye utsikten over hagen og mot skjergarden, og vakne opp til lukta av nysteikt brød frå steinovnen.

Kvart selskap vert sydd saman, saman med gjestene. Menyane planlegg me òg saman med gjesten, basert på tilgjengelege lokale og kortreiste råvarer. Velg mellom 3 retter, 5 retter eller 7 retters meny, med mellom anna vin frå vinkjellaren, Haaheims eige øl eller eplemost frå Hardanger. Baren har alle rettigheter.

Hovudsalen har plass for opptil 65 gjester, Hagesalongen 35 gjester, Vinkjellaren 12 gjester, og Bakeriet tek kring 15 gjester.

Skap minne for livet på Haaheim Gaard!

DSC_4784

MØTER OG KONFERANSAR

Her kan dere ha full konsentrasjon om det faglege innhaldet i møtet og få påfyll av energi, og ro i sjela, frå den vakre hagen, den lune og gode atmosfæren inne på garden og det store engasjementet kring maten, laga av lokale råvarer.

Møtesamlingar kan kombinerast med ulike aktivitetar og gode matopplevingar; Hagevandring og historiefortelling med husfar Torstein, omvising på Haaheim og eit besøk i gardsbutikken, song og underhaldning i pausar eller ved middagen på kvelden. Møtedagen kan avsluttast med middag i restauranten eller ein bakeromnsmeny i Bakeriet.
Me legg gjerne opp gruppeaktivitetar på Haaheim eller i områda kring; fjelltur, fisk, golf, matkurs eller vinsmaking.

Haaheim har trådløst internett på alle rom/møterom og projektor/lerret på alle møterom. Me har fleire lokale som kan brukast til møter og små konferansar og passar godt for grupper opp til kring 26 personar, med oppsett med bord og stolar.

OVERNATTING

På Haaheim Gaard har me 10 dobbeltrom, 3 av dei har eige sovekammers i tillegg til hoved soverom og andre med plass for ekstra enkelseng. Totalt har me 28 sengeplasser. Alle romma har eigne bad, 8 av dei med løvebadekar. Haaheim sine rom har sitt eige historiske uttrykk, med mellom anna reproduserte herregårdstapetar. Frukosten vel du om du vil nyta på rommet eller i restauranten.

«Mini Haaheim» er eit eige gjestehus med 5 dobbeltrom, med felles bad. Her er og kjøkken med muligheit for de som ønskjer å lage noko mat sjølve. Alle måltid vert elles servert på Haaheim Gaard. Mini Haaheim ligg 5 minutt innover dalen, ved golfbana til Tysnes Golf.

Ved behov for endå fleire overnattingsrom nyttar me rom hos Tysnes Sjø og fritid eller Dalen Hytter, som ligg i kort avstand.

DSC_4213

OPPLEVINGAR PÅ HAAHEIM

Matkurs
Haaheim har eit velrenommert kjøken som baserar menyane sine på tilgjengelege kortreiste og lokale produkt. Eit kjøkken med spanande smakar og utfordrande kombinasjonar. Haaheim skreddarsyr matkurs så det passar for gjestene sine ynskje. Gjestene kan òg vere med å sanke urter og grønnsaker i hagen eller i skogen.
Ta kontakt med oss, så lager me ei matkursoppleving for deg og dine.

Privat middag og Chefs dinner
På Haaheim er det mogeleg å bestille privat middag i eige lokale med eigen kokk som lagar maten for dere og fortel om matfilosofien og god historiar samstundes. Om de vil kan gjestene delta i matlaginga.
Ein gong i året vert det arrangert «Chefs Dinner» på Haaheim. Chefs Dinner Norge består av kokkar, eldsjeler for lokal mat og drikke, frå Storfjord Hotell, Gloppen Hotell, matattaché hos Fylkesmannen i Hordaland og Haaheim Gaard. Opplev middagar med lokalmat og humor, med noko av det fremste Noreg kan by på av lokale råvarer og kreativ kokkekunst.

Vinsmaking
Haaheim har ein velfylt vinkjellar, så eit matkurs vert ofte kombinert med vinsmaking til maten ein lagar på eit matkurs.
Vinsmaking kan òg passe bra for konferansegjester i forkant av kveldens middag, eller andre grupper som vil lære meir om vin og smakar.

Velvære og trim
Haaheim kan tilby massasje med vår massør, tid bestillast på førehand. Eller kanskje du vil ta eit langt urtebad i løvebadekaret etter ein fjell- eller sykkeltur. I samarbeid med Svingen Puls kan me òg tilby aktivitetar som Yoga, Pilates og Basisball. Du kan òg ta med deg ein bok ut i hagen eller i lysthuset og få ro i sjela.

Hagevandring
Haaheim Gaard har ein stor hage med hagestiar som er flott å vandre i, opplev fleire hundre roser og rododendronar blomstre og stå i all sin prakt. Få ei omvising i hagen av husfar Torstein. Her har me både eit lite kapell og eit lysthus, med sine historiar.

Konsertar og show
Song, musikk og humor er viktige delar av livet på Haaheim. Husfar Torstein underheld ofte gjestene med musikk og song under deira opphald. I løpet av året er det gjerne både opera-kveldar med stor middag, ulike konsertar og show med kjende artistar, mest i sommar sesongen.
Festivalen Tysnesfest, i juli kvart år, har òg mykje som skjer på Haaheim Gaard.

tysnessaata

OPPLEVINGAR I NÆROMRÅDET

Sykkeltur
Haaheim har syklar til utleige for våre gjester og Tysnes har mange flotte sykkelturar ein kan velge. Spør oss til råds så kan me foreslå turar. Me skreddarsyr gjerne sykkelpakker, og kan levere syklar ved alle innfallsportane til Tysnes. Start gjerne med ein sykkeltur frå der dere kjem i land på øya og frem til Haaheim Gaard.

Fotturar i fjellet
Haaheim ligg ved foten av Tysnessåto (753 moh) som er høgste fjell på Tysnes, og det er mange flotte merka løyper som startar frå Haaheim. Frå toppen har ein 360 gradars utsyn, innover Hardangerfjorden mot Folgefonna og ut i havgapet over øyer og skjer. Det er òg fleire stølar ein kan gå til frå Haaheim. Turar i fjellet og til stølane kan kombinerast med teambuilding og aktivitetar for grupper ved stølen, med turleiar og gjerne med lunsj undervegs.

Golfbane
Det ligg ein golfbane 700 m frå Haaheim Gaard (sjå tysnesgolf.no) Me kan i samarbeid med Tysnes Golfklubb lage opplegg for teambuilding og aktivitetar på golfbana for konferansegrupper og andre grupper. Her kan ein få innføring og prøving for både ferske golfspelarar og for de litt meir rutinerte.

Fiske / Kajakk
Ein kan fiske i sjø, elv og vatn på Tysnes. Me gjev deg gjerne tips om kor ein kan fiske, og hjelp til med å leige båt. Ynskjer du å oppleve vår vakre skjærgard, kan me òg ordne med leige av kajakk.

Festival / Konserter / Utstillingar
Tysnes har mange konsertar gjennom sesongane, spør oss om kva som skjer når du kjem. Mest kjend er festivalen «Tysnesfest», som er andre helga i juli kvart år, med aktivitetar og konsertar for både vaksne og born.

Tysnes har òg eit kunstgalleri som heiter «Elisabeth G». Her er det sumarope frå juni til september, med utstillingar av mange kjende norske kunstnarar.

Utflukter
Det er mange flotte dagsutflukter ein kan ha frå Haaheim. Me gjev deg gjerne tips om gode opplevingar for gjestene våre; Baroniet i Rosendal, Halsenøy kloster, den gamle handelsstaden på Årbakka, Sunnhordland folkemuseum, Bergen, Lysøen – heimen til Ole Bull, for å nemne nokre få.