Me på Haaheim ynskjer alle vener og bekjente eit fantastisk 2012, me gleder oss veldig til å skapa nye magiske augneblikk med dykk alle. Me satt å tenkte på minner me har frå 2011, me har delt så mange flotte opplevingar med så mange av dykk. Med attlatne auge kan me kjenne lukt og smakar av matopplevingar me har skapt saman med gjestene, det er gjestene som får oss til å være kreative.
Det er dykk alle som får oss til å være kreative kvart besøk.
2011 har vært eit år kor mykje har skjedd på Haaheim. Utbygginga tok mykje av fokuset den fyrste delen, men me har fått eit kjempeflott bygg som me kan fylla med opplevingar. Me har fått flygel, det har jo skapa mange magiske augneblikk saman med oprasongaren Ailie Reid og vår fantastiske pianist Irene Simonsen.
Me fekk BU prisen for Hordaland, og er kommet til finale for heile landet. Me skal i gong med eit digert designprosjekt med Innovasjon Norge og Samarbeidsrådet for Sunnhordland har gitt oss penger til sykkelprosjektet vårt.
2012 kjem til å bli eit fantastisk år på Haaheim, me har fått ein betre organisasjon som er klar til å jobba for å skapa nye magiske stunder samman med dykk. Me får gartner i april som skal jobbe med å viderutvikle hagen, me held på å planlegge nye festivaler og konsertar, me skal viderutvikle konseptet vårt videre og me skal opne gardsbutikk til sumaren. Me har mange prosjekter som framleis ligg i beddingen, men følg med....her kjem mykje kjekt å skje. Me gleder oss til å planlegge nye besøk med dykk som har vært her før, og me gleder oss med å trollbinde nye gjester med opplevingar på Haaheim Gaard. Me er i ein unik situvasjon i år, me sitt med kjempemykje bestillingar for 2012. Det er mange som planlegg sine draumar saman med oss, det gjer oss utrulig glade. Me har nett vært i Berlin på utdeling av den nationale BU prisen, me var så heldige at me vann den. Fantastisk kjekt!!!
Hilsen Torstein og Svein Henning