Bakeriet

«Med steinomnen som midtpunkt er det laga eit nytt serveringslokale på Haaheim Gaard med lun og rustikk stil; tre, stein, murstein. Open eld og ope kjøkken, så gjestane kan sjå maten bli laga i den vedfyrte steinomnen, ved matlaging her.»

Steikt, røykt, salta, speka. I Bakeriet kan ein tinga bord for ein mat oppleving utanom det vanlege. Grupper kan tinga ein kveld med eigen kokk som lagar «Smaksmeny» på 8 – 10 rettar, i hovudsak lage i den vedfyrte bakerovnen (minste antall gjeld).

Bakeriet har i tillegg til borda inne, òg store terrassar  med bord utanfor i sommarsesongen.

Vi serverar gjerne kake og kaffi, dagens suppe / lunsjrett eller dessert i Bakeriet, med mat laga på hovedkjøkkenet.

Bakeriet kan reserverast for lukka selskap, så ta gjerne kontakt med booking for å sjekke om tinging av bord er mogeleg og naudsynt.
Ein kan òg komme innom for eit glass vin eller ein kopp kaffe, på terrassen eller i hagen.

Bakeriet har ein liten gardsbutikk med både eigne varer og varer frå lokale produsentar. Her får du mellom anna kjøpt Spildemost frå Hardanger, lokale ostar frå Myrdal Gard, Haaheim sine syltetøy, samt ulike smakfulle produkt frå Tveit gård, Hanasand, Nøring, Eikjetunet og Ostegarden, mellom andre.